MålBar, 12. juni: Oslofolk som skriv nynorsk

Oslo Mållag inviterer alle interesserte til ein kveld der vi prøver å finne kva som gjer oslofolk til nynorskbrukarar. Vi får høyre historiene til oslofolk som har valt å skrive nynorsk, og så opnar vi for spørsmål og ein samtale om kva som kan få endå fleire i hovudstaden til å velje nynorsk.

Gjestar:

  • Oddrun Grønvik, språkforskar ved Universitetet i Oslo og m.a. tidlegare redaktør for Norsk Ordbok
  • Jens Kihl, journalist i Klassekampen og nestleiar i Noregs Mållag
  • Karl Peder Mork, musikkstudent og tidlegare leiar i Norsk Målungdom

12. juni klokka 18:00 – 20:00
Kafe Asylet, Grønland 28​​

Lagt inn i Arrangement | Kommentarar avslått på MålBar, 12. juni: Oslofolk som skriv nynorsk

Aasmund O. Vinje-kveld i Maridalen kirke sundag 3. juni kl. 19

Forfattarfestkveld for jubilanten Aasmund Olavsson Vinje – 200 år:

• Vinje-biograf Olav Vesaas fortel som berre han kan, om forfattaren, journalisten, bladstyraren og samfunnsaktøren på så mange vis, den han var – og det han dikta.

Aasmund Nordstoga, gardbrukar og songar, og Åsmund Reistad, gitarist og
musikar, syng og spelar Vinje-songar – i to bolkar – betre enn nokon andre! Bok- og CD-sal etter programmet.

• Maridøl Gunnar Bjune held minikåseri

• Kaffi og kaker/bakst på kyrkjebakken

• Inngangspengar: kr. 200 – jubileumspris!

Maridalen kirke, sundag 3. juni kl. 19. Obs: Ver tidleg ute!

Tilskipar: Maridalen menighet og Oslo mållag

Lagt inn i Arrangement | Med merkelapp | Kommentarar avslått på Aasmund O. Vinje-kveld i Maridalen kirke sundag 3. juni kl. 19

Nynorsk motivasjonsdag!

Nynorsk motivasjonsdag_2017_

Nynorsk motivasjonsdag på Det Norske Teatret tysdag 17. oktober kl. 14.00-18.00

  • Vil du få inspirasjon til å undervisa betre og læra meir om nynorsken og bakgrunnen for målet?
  • Vil du møta menneske som brenn for god språkundervisning?
  • Då er motivasjonsdagen noko for deg!

Følgjande innslag står på programmet:

  1. Skriving og formidling til ungdom v/forfattar Lars Mæhle
  2. Mellom politikk og pedagogikk. God nynorskopplæring i morgondagens skule v/Torgeir Dimmen, leiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
  3. God start med nynorsk på mellomtrinnet. Erfaringar frå Tidleg start-prosjekta v/Anne Marta V. Vadstein, rådgjevar ved Nynorsksenteret
  4. Born og ungdom frå Den Mangfaldige Scenen med dikt av Jon Fosse og Ruth Lillegraven

Påmelding: nynorsk.er.kult@gmail.com.

Frist for påmelding er 1. oktober. Seminaret er gratis!

Vel møtt!

 

Framsyninga på teateret denne kvelden er The Book of Mormon.

Motivasjonsdagen vert skipa til av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Oslo Mållag.

Utdanningsetaten i Oslo kommune er medarrangør. Seminaret har òg fått tilskot frå Noregs Mållag, Bergesenstiftelsen og Bondeungdomslaget i Oslo

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Nynorsk motivasjonsdag!

Åsta Holth-kvelden i Maridalen 18. juni kl. 19:00

Kulturkveld om Åsta Holth (1904-99), forfattar frå Finnskogen.

Holth-kjennar Sven R. Gjems, og leiaren i Åsta Holths Venner, Terje Tønnessen, fortel om forfattaren, kulturarbeidaren, politikaren, det ho dikta og den ho var.

Kjetil Skaslien, komponist og musikar, har sett tonar til fleire av dikta hennar Åsta. Han og dottera Cesilie og Sten Bjørge Skaslien Hansrud held konsert med utvalde delar av «Syng for meg, hembygds skoger», i to bolkar! Boksal etter programmet.

• Maridøl Gunnar Bjune held minikåseri

• Kaffi og kaker på kyrkjebakken

• Inngangspengar: kr. 200Åsta Holth-kveld i Maridalen 18.06.2017

(Arrangør: Oslo mållag og Maridalen menighet)

 

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Åsta Holth-kvelden i Maridalen 18. juni kl. 19:00

Nyhendebrev nr 1/2017 for Oslo Mållag

 

  • Forfattarkveld i Maridalen kirke, med Oslo Mållag som medarrangør:

I år er kulturkvelden i Maridalen kirke litt seinare enn vanleg, nemleg søndag 18. juni. Vi håpar likevel at folk kan setje av kvelden. Forfattaren i år er Åsta Holth. Holth er rekna som den fremste av Finnskogens forfattarar. Ho er ei fargerik, allsidig og dugande dame som fortener å kome fram i lyset.

Vi sender ut ei påminning rett etter pinse, sidan det er såpass lang tid til. Da vil det òg kome eit flygeblad om arrangementet.

 

  • Seminar med lærarar frå Oslo og Akershus:

Seminaret i år blir på Det Norske Teatret , 17.oktober 2017, kl 14-18. Mykje av programmet for dette seminaret er allereie klart. Det vil kome meir informasjon om arrangementet etter kvart.

  • Fylkeslaget Vikværingen melder om at det laurdag 20. mai vart halde eit strategimøte om nynorsken i Hordaland. På møtet kom det opp fleire punkt, men her er ein kortversjon: Framtida for nynorsk som jamstelt skriftspråk i Noreg vert langt på veg avgjort på Strilelandet. Det som hender i området kring Bergen vil få konsekvensar for dei nynorske kjerneområda, ikkje berre i Hordaland, men og i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, og sjølvsagt for nynorskområda i Agder, Rogaland, Oppland, Buskerud og Telemark. For meir detaljert informasjon, sjå her: [lenke til pdf av referatet?]

 

 

  • Lagssending 03/2017 frå Noregs Mållag er i posten: Medlemslister blei sende i førre veke, med målsetjinga om å bli 13 000 medlemer i 2017. I skrivande stund er det 11 647 som har betalt, eit veldig lovande tal. For å nå målet er me avhengige av verving i lokallaga våre. Me er i gang med å produsere nytt vervemateriell, og meir info kjem. Diskuter gjerne på neste styremøte kva de kan gjere for å verve nye medlemer. I denne lagssendinga har me samla ein del informasjon om korleis laga kan skaffe seg litt større økonomiske musklar til å drive aktivt målarbeid. Noko av det kan virke tungt å setje seg inn i, men det er ikkje så vanskeleg som det ser ut. Og ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko me hjelpe dykk med.

1. Studiestøtte
Mange lokallag skipar språkkaféar for vaksne innvandrarar. Me oppmodar fleire lag om å søkje studiestøtte til liknande tiltak.

2. Organisasjonsmidlar
I år løyver Noregs Mållag 250 000 kroner i organisasjonsmidlar, som lokal- og fylkeslaga kan søkje om å få bruke i sitt lokale målarbeid. De kan søkje gjennom heile året.

3. Momskompensasjon
Frist for momsrefusjonssøknad i 2017 er 1. august.

4.Nynorsk næringslivspris
Send oss gjerne framlegg til kandidatar til Nynorsk næringslivspris 2017.

5. Bokpakker frå Samlaget
Samlaget har oppdaterte bokpakker til gode prisar.

6. ParallellklasseflygebladVel nynorsk for barnet ditt!
Me har laga eit nytt parallellklasseflygeblad. De kan tinge fleire i krambua.

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Nyhendebrev nr 1/2017 for Oslo Mållag

Blå jol med Bygdelagskoret Blåne 10. desember

Bygdelagskoret Blåne har fått til eit samarbeid med  Nils Økland. Han er ein felespelar og komponist frå Haugesund, som jobbar i gråsona mellom folkemusikk, klassisk musikk, improvisasjon og moderne musikk. Dei held konsert ilag i Sagene kyrkje 10. desember.


Dirigent: Anne-Line Sandegren
Velkomne til julekonsert i Sagene kyrkje (Dannevigsveien 17), laurdag 10. desember kl. 18.00.

http://bygdelagskoret.org/bla-jul-nils-okland/blaa_jol
Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Blå jol med Bygdelagskoret Blåne 10. desember

Målbar desember: Konsert med songlaget 4. desember

Jolerose, kjærleiksblom

Jolekonsert med Songlaget i BUL 

Konserten Jolerose, kjærleiksblom prisar jola og kjærleiken i folketonedrakt, og tek deg med på jolefest både nede hjå dei underjordiske og oppe i det overjordiske.

Velkomen til ein stemningsfull og tradisjonsrik jolekonsert med Songlaget i BUL i Svenska Margaretakyrkan med kjærleik og jol, berre kjærleik og jol.

Sundag 4. desember kl. 1930.

Svenska Margaretakyrkjan, Hammersborg torg 8b.

Velkomne!

Påmelding seinast 30. november til liv.talle(hjå)gmail.com

Laget dekkjer billetten for lagsfolk som vil vera med og melder seg på.jolekonsert

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Målbar desember: Konsert med songlaget 4. desember

Hognestad-messe i Slottskapellet sundag 20. november

hognestad
Jubileumsgudsteneste med salmer av biskop Peter Hognestad og
nynorsk liturgi i Slottskapellet kl. 11.00 (inngang på høgre sida).

– Peter Hognestad (1866–1931) var lærarutdannar, landsungdoms-
prest, prestelærar, salmegjendiktar og biskop (i Bjørgvin 1916–31).
– Studentprest Anne Anita Lillebø held messa, skodespelar Anderz
Eide les ei preike av Peter Hognestad og bygdelagskoret «Blåne» syng.

Kyrkjekaffi i Bygdelagshuset, Nordahl Bruns gate 22, der Per Halse,
som har skrive biografi om Hognestad (150 år sidan han vart fødd og
100 år etter han blei biskop), fortel om Peter Hognestad som lands-
målsprest og dei fyrste messene i Slottskapellet frå 1907. Du kan
kjøpe den ferske biografien etterpå.

Tilskiparar: Studentprestane i Oslo og Nynorsk kultursentrum
hognestad-messe-i-slottskap-20-11-16

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Hognestad-messe i Slottskapellet sundag 20. november

Hognestadmesse i Maridalen 

Maridalen kyrkje sundag 20.11 18.15

Det vert halde kveldsgudsteneste med salmer av biskop Peter Hognestad og nynorsk liturgi i Maridalen kyrkje kl. 18.15 (51-bussen korresponderer).

 

– Peter Hognestad (1866–1931) var lærarutdannar, ungdomsprest, prestelærar, salmegjendiktar og biskop (i Bjørgvin 1916–31).

– Sokneprest Elisabeth Fongen held messa.

 

Kyrkjekaffi der Per Halse, som har skrive biograf om Hognestad (150 år sidan han vart fødd og 100 år etter han blei biskop), fortel litt om Peter Hognestad som gjendiktar av salmer og salmebokredaktør. Det vert høve til å kjøpe den ferske biografien etterpå.

 

hognestad-messe-i-maridalen-kirke-20-11-16

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Hognestadmesse i Maridalen 

Målbar 24. november: Teatertur: «Draum om hausten» av Jon Fosse

Oslo mållag byd inn til teatertur på Det norske teatret. Framsyninga tek til kl. 2000, og ho varer i 70 minutt. Prisen er på snaue 200 kroner for lagsfolk (originalpris: 420 kr). Meld deg på via epost: okgronneng(at)gmail.com

Påmeldingsfrist: 10. november

Dei som ikkje kan eller vil vere med å sjå framsyninga kan møta oss i baren på DNT litt etter 2110.

Vel møtt!

«I Draum om hausten teiknar ein av vår tids største dramatikarar heilt vanlege livsløp og nokre heilt daglegdagse møte mellom menneske. Menneske som står kvarandre nær, eller ein gong har gjort det. I Fosses karakteristiske og poetiske språk, blir denne historia løfta til ei tidlaus forteljing om korleis kjærleiken utviklar seg.

Ein mann og ei kvinne møtest tilsynelatande tilfeldig på ein gravplass. Dei kjenner kvarandre frå før, og har alltid vore tiltrekt av kvarandre. Åra går nesten umerkeleg. Han forlet kone og barn, mistar kontakten med foreldra og sonen sin. Kanskje fordi han ville. Kanskje fordi det berre blei slik. Alt har skjedd, og ingenting har skjedd. Alt er ein leik, og alt er eit alvor.»

For meir om framsyninga sjå: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/draum-om-hausten/

Lagt inn i Uncategorized | Kommentarar avslått på Målbar 24. november: Teatertur: «Draum om hausten» av Jon Fosse