Månadsarkiv: august 2014

MålBar 12. september: Kva er det eigentleg med nynorsken?

Systrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim er forfattarar. Humor er eit gjennomgåande element i skrivinga deira, og nynorsk er eit uunngåeleg tema.

Kva er det eigentleg med nynorsken? spør Guri og Sigrid. Kvifor gidd vi dette? Av og til må vi minne oss sjølve på kvifor vi skriv nynorsk, akkurat som vi må minne oss på kvifor vi har vald å vera kvinner. På same måte som alle kvinner er feministar, er alle nynorskbrukarar idealistar. Vi elskar å bli spurt om kvifor vi skriv nynorsk (ein av grunnane til å skrive nynorsk er jo å få spørsmål om kvifor ein skriv nynorsk). Den viktigaste grunnen er at det er for å vera vanskeleg og for å leva i randsona av det som er akseptabelt.

Read more on MålBar 12. september: Kva er det eigentleg med nynorsken?…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar 12. september: Kva er det eigentleg med nynorsken?

MålBar: Paneldebatt om framtida til språksamlingane ved UiO

Den 11. juni i år avgjorde Universitetet i Oslo at dei ikkje lenger vil ta ansvaret for dei store ord- og namnesamlingane som har vore knytte til institusjonen sidan 1970-talet. Dette har skapt sterke reaksjonar og mykje diskusjon.

Read more on MålBar: Paneldebatt om framtida til språksamlingane ved UiO…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar: Paneldebatt om framtida til språksamlingane ved UiO

Ny leiar i Oslo mållag

53. Helene Urdland Karlsen_liten

Helene Urdland Karlsen (27) tek over som ny leiar i Oslo mållag etter Birgitta Lim Ersland, som har vore leiar sidan 2011. Urdland Karlsen har til no sete som nestleiar og før det har ho vore skrivar i lokallaget.

Read more on Ny leiar i Oslo mållag…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Ny leiar i Oslo mållag