Ny leiar i Oslo mållag

53. Helene Urdland Karlsen_liten

Helene Urdland Karlsen (27) tek over som ny leiar i Oslo mållag etter Birgitta Lim Ersland, som har vore leiar sidan 2011. Urdland Karlsen har til no sete som nestleiar og før det har ho vore skrivar i lokallaget.

– Eg tykkjer det er svært gildt å bli spurd om å ta over som leiar i Oslo mållag, seier Helene Urdland Karlsen. Det er store sko å fylla, legg ho til. Tidlegare leiar Birgitta Lim Ersland har gjort utruleg mykje for Oslo mållag dei tre siste åra.
Føremålet med mållaget i Oslo er å styrkja målreisinga i hovudstaden, fortel Helene Urdland Karlsen. Gjennom mållaget i Oslo kan målfolk i byen stå saman og få sterkare gjennomslag for synspunkta sine andsynes styresmaktene og ålmenta elles.
Oslo mållag har dei siste åra jobba mykje for vera synlege, ikkje minst for medlemsmassen. – Hovudstaden har eit av dei største lokallaga i landet, og hyser eit stort tal nynorskskrivande, fortel Helene Urdland Karlsen. Eit tiltak som har vore svært vellukka, er den månadlege tilskipinga MålBar. MålBar er ein uformell møtestad for målfolk i Oslo, forklarar ho.

Så langt har det vore eit godt år for nynorsken, seier Helene Urdland Karlsen. – At vi no har fått Grunnlova på nynorsk er ein stor siger for målfolk over heile landet og ei symboltung markering av at vi har to jamstilte målformer i Noreg.
Nynorsken har likevel mange utfordringar framom seg. Særleg skeptisk er den nye leiaren til handsaminga av språksamlingane ved Universitetet i Oslo. Saman med Studentmållaget i Oslo er det Oslo mållag si oppgåve å vera vaktbikkje andsynes språkpolitikken til universitetet. Desse samlingane, som mellom anna omfattar ordboksverka for gamalnorsk, bokmål og nynorsk, nynorskkorpuset, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet, står i fare for å bli deponerte etter 2014 og ferdigstillinga av Norsk Ordbok. – Desse samlingane er av uvurderleg verdi for forsking og undervising, presiserer Helene Urdland Karlsen. At universitetet ikkje vil drifta desse vidare tykkjer ho er alarmerande. Ho vonar universitetsleiinga skiftar meining om denne saka.
I styret sit Liv Eldegard Talle, Dag Hagen Berg og Sigrid Sørumgård Botheim. Varamedlemer er Ole Jan Borgund, Torstein Vik Århus og Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad.

Helene Urdland Karlsen kjem frå Urdland på Voss, men er busett i Oslo. Ho har vore aktiv i målrørsla i ei lang årrekkje. Ho arbeider som redaktør i prosjektet Norsk Ordbok 2014.

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.