Ny leiar i Oslo Mållag

Liv Eldegard Talle er vald som ny leiar i Oslo Mållag etter Helene Urdland Karlsen. Talle har vore  nestleiar i styret  sidan 2014.  Før det har ho vore vara- og styremedlem. Talle kjem frå  Årdal og har i mange år hatt eit målpolitisk engasjement. Ho meiner språket er ein viktig del av identiteten vår.

«Helene Urdland Karlsen har vore ein aktiv og synleg leiar, og eg vil arbeide for at Oslo Mållag framleis skal vere eit markant lokallag i hovudstaden, seier Talle. Lokallaget i Noregs Mållag er eit av landets største,  med nærmare 500 medlemar.» Me driv ulike former for målarbeid, for å fremje nynorsk i eit bokmålsdominert område. Føremålet til Oslo Mållag er å styrkje  målreisinga i hovudstaden. Me ønskjer å vere  ein språkpolitisk aktør, og i tillegg skape sosiale møtestader for medlemane våre,» seier Talle. « Me arrangerer MålBar om lag ein gong i månaden. Det kan vere foredrag, omvising på ulike institusjonar, paneldebatt eller teatertur. Følg oss gjerne på sosiale medium,»  oppmodar Talle. Du finn oss på facebook og twitter!»

I styret sit elles Tharaniga L. Rajah, Ole Jan Borgund, Torstein Vik Århus og Sigrid Sørumgård Botheim.

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.