Målbar 27.10: forfattarkveld med Rimbereid og Skåden

Oslo Mållag arrangerer ein samtale mellom forfattarane Øyvind Rimbereid og Sigbjørn Skåden. Løner det seg å skrive på bokmål i staden for nynorsk eller samisk? Vi vil undersøke korleis språket vi vel påverkar kunstutrykket, om det kan endre bodskapen til kunstnaren – og om det påverkar den emosjonelle tilknytinga mellom forfattar og tekst. Sigrid Sørumgård Botheim vil leie samtalen. Ho er utdanna innan musikk og litteratur, og arbeider som skribent.

Litteraturhuset 27.10 klokka 19.00 Amalie Skram

Om forfattarane:

Øyvind Rimbereid er kjend for å skrive både på nynorsk, dialekt og bokmål. I diktsamlinga Solaris Korrigert laga han eit eige språk som var ei blanding av engelsk, stavangersk og norrønt. Han har vorte nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlingane Herbarium og Jimmen.

Sigbjørn Skåden er ein av dei mest kjende unge, samiske forfattarane i dag. Han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for debuten Skuovvadeddjiid gonagas / Skomakerens konge. Skåden skriv på nordsamisk og omset bøkene sine sjølv til bokmål.

Inngang: 50,-

Arrangementet er støtta av Fritt Ord.

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.