Målbar 24. november: Teatertur: «Draum om hausten» av Jon Fosse

Oslo mållag byd inn til teatertur på Det norske teatret. Framsyninga tek til kl. 2000, og ho varer i 70 minutt. Prisen er på snaue 200 kroner for lagsfolk (originalpris: 420 kr). Meld deg på via epost: okgronneng(at)gmail.com

Påmeldingsfrist: 10. november

Dei som ikkje kan eller vil vere med å sjå framsyninga kan møta oss i baren på DNT litt etter 2110.

Vel møtt!

«I Draum om hausten teiknar ein av vår tids største dramatikarar heilt vanlege livsløp og nokre heilt daglegdagse møte mellom menneske. Menneske som står kvarandre nær, eller ein gong har gjort det. I Fosses karakteristiske og poetiske språk, blir denne historia løfta til ei tidlaus forteljing om korleis kjærleiken utviklar seg.

Ein mann og ei kvinne møtest tilsynelatande tilfeldig på ein gravplass. Dei kjenner kvarandre frå før, og har alltid vore tiltrekt av kvarandre. Åra går nesten umerkeleg. Han forlet kone og barn, mistar kontakten med foreldra og sonen sin. Kanskje fordi han ville. Kanskje fordi det berre blei slik. Alt har skjedd, og ingenting har skjedd. Alt er ein leik, og alt er eit alvor.»

For meir om framsyninga sjå: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/draum-om-hausten/

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.