Årsmelding 2013–2014

Denne årsmeldinga tek for seg tida mellom årsmøtet i februar 2013 og fram til årsmøtet i februar 2014.

Årsmøtet 2013
Årsmøtet tok stad 28. februar, på Asylet på Grønland. Det vart etterfølgt av musikalsk innslag av Jon Ruder med musikarar som song og spelte songar av Per Sivle.

Styret 2013-2014
I perioden har desse vore i styret:

Leiar: Birgitta Lim Ersland
Nestleiar: Ole Kristian Grønneng
Kassastyrar: Dag Hagen Berg
Styremedlem: Helene Urdland Karlsen
Styremedlem: Sigrid Sørumsgard Botheim

1. varamedlem: Toril Kristin Sjo
2. varamedlem: Ingebjørg Før Gjermundsen
3. varamedlem: Eilev Groven Myhren
4. varamedlem: Liv Eldegard Talle
5. varamedlem: Terje Svardal
6. varamedlem: Erling Vindheim
7. Varamedlem: Ole Jan Borgund

Det har vore litt omrokeringar i styret. Diverre (for oss) flytta Ole Kristian Grønneng utanlands i perioden. Liv Eldegard Talle har i praksis møtt som fast medlem på styremøta og Ole Jan Borgund har òg møtt på fleire av i perioden.
Medlemstal

Oslo mållag opplevde ei stor auke i medlemstalet i 2012. Til vår store glede har talet har heldt seg stabilt då heile 437 svara medlemspengar i 2013, ei nedgang på kun 6 medlemmer frå året før.

Tilskipingar
Styret har hatt som hovudmålsetjing i året som har gått å laga ein uformell møteplass for målfolk i Oslo-området. I perioden har me hatt 6 slike tilskipingar. I tillegg har 2013 vore Språkår og eit stort jubileumsår då det var 100 år sidan Bondeheimen og Det norske teatret vart skipa og 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Tilskipinga i høve dette har difor vore prioritert.

25. april: MålBar, teatertur. Me var og såg ”Kjære Landsmenn” på Det norske teatret.

30. mai: Sumaravslutning. Me var og åt pizza på Peppes Pizza ved Stortinget.

2. juni: Kulturkveld. Den årvisse kulturkvelden i Maridalen kyrkje.

8. juni: Gatefest for Bondeheimen, 100 år. Tre frå styret stod på stand heile dagen.

5. august: På fødedagen til Ivar Aasen hadde Oslo mållag i lag med Bondeungdomslaget i Oslo (målnemndi), Fylkesmållaget Vikværingen, Noregs Lærarmållag, Norsk Måldyrkingslag, Ivar Aasen-sambandet, Høgnorskringen ofl. ei markering for å feira 200-årsdagen til nynorskens far. Me møtte opp ved grava hans på Vår Frelsars gravlund. Skodespelar Svein Erik Brodal las Ivar Aasen-diktet til Tarjei Vesaas. Ragnfrid Trohaug (frå Samlaget), Eskil Saltøy Løland (frå Norsk Målungdom), Jackson Crawford (frå Sambandsstatane) og nokre andre hadde helsingar. Etterpå gjekk turen til Kaffistova for kake og kaffi.

26. september: Nynorskstafetten i Oslo. Kulturkveld om Ivar Aasen i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo. Gudleiv Bø, professor i nordisk litteraturhistorie, prata om nasjonsbyggjaren og diktaren Ivar Aasen. Han fekk følgje av dei unge musikarane Kalle Moberg på akkordion og Kristian Kongelf Jensen på piano. Det var også song ved Songlaget og dans ved Symra og Vebjørn Bakken. Etterpå vart det servert kake og kaffi. Tilskiparar: Fylkesmållaget Vikværingen i samarbeid med målnemndi i Bondeungdomslaget i Oslo og Oslo mållag.

27. september: Stand ved Wergelandsstatuen i Spikersuppa i lag med Noregs mållag sentralt og Vikværingen i høve Nynorskstafetten.

6. oktober: Gatefest for det norske teatret i høve 100-årsjubileet. Leiar var til stades og snakka med folk på standen til Noregs Mållag/Nynorskstafetten.

30. november: Byvandring med Ottar Grepstad i fotefara til Ivar Aasen i Oslo.

Løyvingar
Oslo mållag løyvde 3000 kroner til Norsk Målungdom sin konferanse ”Språkmangfald i Norden” som var 4.-6. oktober 2013 på Lysebu i Oslo.

Deltaking
Oslo mållag hadde fire utsendingar til landsmøtet til Noregs Mållag i Ørsta, desse var Birgitta Lim Ersland, Helene Urdland Karlsen, Liv Eldegard Talle og Ole Jan Borgund. I tillegg har me vore representert på årsmøtet til Fylkesmållaget Vikværingen, samrådingsmøte om Nynorskstafetten og Språkåret 2013, og førjolsmøtet til Vikværingen. I tillegg har både leiar og andre i styret brukt mykje tid på Nynorskstafetten, Noregs Mållag sitt bidrag til feiringa av Språkåret og 200-årsjubileet for Ivar Aasen sin fødedag, og vore med og reist rundt i landet og snakka.

Media
Sjølv om Oslo mållag ikkje i perioden har hatt noko særleg mediedekning har laget vore nemnt i ei rekkje lokalaviser i landet grunna leiars reising med Nynorskstafetten. I tillegg vart byvandringa med Ottar Grepstad dekka av Framtida.no.

Nyhendebrev
Oslo mållag har hatt nyhendebrev i perioden. Det har vorte sendt ut om lag eitt nyhendebrev i månaden

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *