Skribentarkiv: ellenht

Nynorsk motivasjonsdag!

Nynorsk motivasjonsdag_2017_

Nynorsk motivasjonsdag på Det Norske Teatret tysdag 17. oktober kl. 14.00-18.00

  • Vil du få inspirasjon til å undervisa betre og læra meir om nynorsken og bakgrunnen for målet?
  • Vil du møta menneske som brenn for god språkundervisning?

Read more on Nynorsk motivasjonsdag!…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Nynorsk motivasjonsdag!

Åsta Holth-kvelden i Maridalen 18. juni kl. 19:00

Kulturkveld om Åsta Holth (1904-99), forfattar frå Finnskogen.

Holth-kjennar Sven R. Gjems, og leiaren i Åsta Holths Venner, Terje Tønnessen, fortel om forfattaren, kulturarbeidaren, politikaren, det ho dikta og den ho var.

Read more on Åsta Holth-kvelden i Maridalen 18. juni kl. 19:00…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Åsta Holth-kvelden i Maridalen 18. juni kl. 19:00

Nyhendebrev nr 1/2017 for Oslo Mållag

 

  • Forfattarkveld i Maridalen kirke, med Oslo Mållag som medarrangør:

I år er kulturkvelden i Maridalen kirke litt seinare enn vanleg, nemleg søndag 18. juni. Vi håpar likevel at folk kan setje av kvelden. Forfattaren i år er Åsta Holth. Holth er rekna som den fremste av Finnskogens forfattarar. Ho er ei fargerik, allsidig og dugande dame som fortener å kome fram i lyset.

Read more on Nyhendebrev nr 1/2017 for Oslo Mållag…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Nyhendebrev nr 1/2017 for Oslo Mållag

Blå jol med Bygdelagskoret Blåne 10. desember

Bygdelagskoret Blåne har fått til eit samarbeid med  Nils Økland. Han er ein felespelar og komponist frå Haugesund, som jobbar i gråsona mellom folkemusikk, klassisk musikk, improvisasjon og moderne musikk. Dei held konsert ilag i Sagene kyrkje 10. desember.


Dirigent: Anne-Line Sandegren
Velkomne til julekonsert i Sagene kyrkje (Dannevigsveien 17), laurdag 10. desember kl. 18.00.

http://bygdelagskoret.org/bla-jul-nils-okland/blaa_jol

Read more on Blå jol med Bygdelagskoret Blåne 10. desember…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Blå jol med Bygdelagskoret Blåne 10. desember

Målbar desember: Konsert med songlaget 4. desember

Jolerose, kjærleiksblom

Jolekonsert med Songlaget i BUL 

Konserten Jolerose, kjærleiksblom prisar jola og kjærleiken i folketonedrakt, og tek deg med på jolefest både nede hjå dei underjordiske og oppe i det overjordiske.

Read more on Målbar desember: Konsert med songlaget 4. desember…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Målbar desember: Konsert med songlaget 4. desember

Hognestad-messe i Slottskapellet sundag 20. november

hognestad
Jubileumsgudsteneste med salmer av biskop Peter Hognestad og
nynorsk liturgi i Slottskapellet kl. 11.00 (inngang på høgre sida).

– Peter Hognestad (1866–1931) var lærarutdannar, landsungdoms-
prest, prestelærar, salmegjendiktar og biskop (i Bjørgvin 1916–31).
– Studentprest Anne Anita Lillebø held messa, skodespelar Anderz
Eide les ei preike av Peter Hognestad og bygdelagskoret «Blåne» syng.

Read more on Hognestad-messe i Slottskapellet sundag 20. november…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Hognestad-messe i Slottskapellet sundag 20. november

Hognestadmesse i Maridalen 

Maridalen kyrkje sundag 20.11 18.15

Det vert halde kveldsgudsteneste med salmer av biskop Peter Hognestad og nynorsk liturgi i Maridalen kyrkje kl. 18.15 (51-bussen korresponderer).

 

– Peter Hognestad (1866–1931) var lærarutdannar, ungdomsprest, prestelærar, salmegjendiktar og biskop (i Bjørgvin 1916–31).

Read more on Hognestadmesse i Maridalen …

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Hognestadmesse i Maridalen 

Målbar 24. november: Teatertur: «Draum om hausten» av Jon Fosse

Oslo mållag byd inn til teatertur på Det norske teatret. Framsyninga tek til kl. 2000, og ho varer i 70 minutt. Prisen er på snaue 200 kroner for lagsfolk (originalpris: 420 kr). Meld deg på via epost: okgronneng(at)gmail.com

Read more on Målbar 24. november: Teatertur: «Draum om hausten» av Jon Fosse…

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Målbar 24. november: Teatertur: «Draum om hausten» av Jon Fosse