Grunnlova på nynorsk

Stortingsrepresentant Gunvor Eldegard (AP) inviterer oss til  Stortinget torsdag 2. juni kl 17.00. Alle møter ved hovudinngangen til Stortinget.

Tema: arbeidet med å få Grunnlova på nynorsk.

Påmelding innan 30.05.16 (på grunn av adgangskontroll) til liv.talle@gmail.com eller på tlf 91113905.

Same dag  er det gratiskonsert med Songlaget i BUL Oslo.

Minikonsert i Teatersalen kl 20.30.

Dei framfører eit utval av repertoaret som dei tek med seg til Dei nynorske festspela i slutten av juni. Konserten blir ei generalprøve for koret.

Velkomen!

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Grunnlova på nynorsk

Omvising på Labråten

Oslo Mållag inviterer medlemer til  omvising av huset til Hulda og Arne Garborg på Labråten i Asker.

Hendinga finn stad sundag den 24. april, mellom 11.30 og 14.30.

Me tek toget saman frå Oslo S til Hvalstad klokka 11.41. Oslo Mållag dekkjer billetten til omvisinga.

Viss du lurar på noko, kan du ringja Liv: 911 13 905

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Omvising på Labråten

Ny leiar i Oslo Mållag

Liv Eldegard Talle er vald som ny leiar i Oslo Mållag etter Helene Urdland Karlsen. Talle har vore  nestleiar i styret  sidan 2014.  Før det har ho vore vara- og styremedlem. Talle kjem frå  Årdal og har i mange år hatt eit målpolitisk engasjement. Ho meiner språket er ein viktig del av identiteten vår.

«Helene Urdland Karlsen har vore ein aktiv og synleg leiar, og eg vil arbeide for at Oslo Mållag framleis skal vere eit markant lokallag i hovudstaden, seier Talle. Lokallaget i Noregs Mållag er eit av landets største,  med nærmare 500 medlemar.» Me driv ulike former for målarbeid, for å fremje nynorsk i eit bokmålsdominert område. Føremålet til Oslo Mållag er å styrkje  målreisinga i hovudstaden. Me ønskjer å vere  ein språkpolitisk aktør, og i tillegg skape sosiale møtestader for medlemane våre,» seier Talle. « Me arrangerer MålBar om lag ein gong i månaden. Det kan vere foredrag, omvising på ulike institusjonar, paneldebatt eller teatertur. Følg oss gjerne på sosiale medium,»  oppmodar Talle. Du finn oss på facebook og twitter!»

I styret sit elles Tharaniga L. Rajah, Ole Jan Borgund, Torstein Vik Århus og Sigrid Sørumgård Botheim.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Ny leiar i Oslo Mållag

Årsmøte 2016

Gode medlem!

Du er med dette velkomen til årsmøte i Oslo Mållag, onsdag den 17. februar 2016 kl. 16.00 på Skrivarstova, Lilletorget 1, 0184 Oslo.

Etter møtet serverer me mat og drikke til eit kunstnarisk innslag, truleg om Tor Jonsson. Dei som vil, kan vera att til årsmøte i fylkesmållaget Vikværingen.

Sakpapira finn du som PDF her: sakspapir til årsmøte 2016 for Oslo Mållag.

Har du spørsmål, eller vil du ha sakpapira på e-post, kan du ta kontakt med leiaren: heleneukarlsen@gmail.com

Årsmøtesaker

1) Opning

2) Årsmelding 2015

3) Arbeidsprogram 2016

4) Budsjett og økonomi

5) Årspengar for 2017

6) Val av styret

7) Val av ettersyn

8) Val av valnemnd

9) Val av landsmøteutsendingar

10) Anna

 

Vel møtt til alle!

 

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Årsmøte 2016

Jolekonsert med Songlaget i BUL i Oslo

Oslo Mållag avsluttar hausten med å spandera jolekonsert på medlemane sine! Bli med på jolekonserten til Songlaget i BUL i Oslo. Konserten finn stad sundag 6. desember og byrjar klokka 19.00.

Stad: Svenska Margaretakyrkan, Hammersborg torg 8B

Jord og himmel, kved

Dirigent: Vegard Sandholt

Lars Notto Birkeland, orgel

Stig Nilsson og Silje Bagge, fiolin

Bård Bosrup, cello

 

Send ein e-post til heleneukarlsen@gmail.com om du vil vera med! Påmeldingsfrist er 1. desember.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Jolekonsert med Songlaget i BUL i Oslo

På parti med nynorsken

Endeleg partiprogram på nynorsk!

Oslo Mållag har omsett mest alle partiprogramma i Oslo til nynorsk. Dette feirar me med stand på Egertorget tysdag den 8. september. Kom innom for gratis program og jakkemerke!

Med så mange nynorskbrukarar i hovudstaden, er det klart at partiprogramma òg må vera tilgjengelege på nynorsk. No kan du sjå språket ditt i valkampen og ta eit informert val.

Me vil takka desse partia for eit godt samarbeid, og for deira interesse for å få programmet sitt omsett til nynorsk: Oslo Raudt, Oslo Høgre, Oslo Ap, Oslo Sv, Oslo KrF, Oslo MDG, Oslo Sp og Oslo V.

Gå inn på nettsidene deira for å sjå om programmet alt ligg ute, eller les dei her:

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på På parti med nynorsken

28. mai: Arbeidsdugnad

Oslo Mållag inviterer styremedlem og andre interesserte til arbeidsdugnad på Skrivarstova (Lilletorget 1). På gjeremålslista står:

  • Arbeid med målbarprogram for hausten
  • omsetjing av partiprogram
  • profileringsarbeid m.m.

Dugnaden startar 16.30!

Vel møtt!

Viss du lurer på noko kan du kontakta Helene U. Karlsen på telefon (97512176) eller e-post: heleneukarlsen@gmail.com

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på 28. mai: Arbeidsdugnad

24. april: Omvising på Det Norske Teatret

Er du nyfiken på korleis Noregs største og mest moderne teaterhus ser ut frå innsida? No har du sjansen! Oslo Mållag inviterer til gratis omvising for målfolk, den 24. april klokka 17.00. Etter omvisinga går dei av oss som vil vidare til Herr Nilsen.

Viss du vil vera med på omvisinga, sender du ein e-post til oslo@nynorsk.no eller ringjer Helene Urdland Karlsen på 97512176. Påmeldingsfrist 22. april.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på 24. april: Omvising på Det Norske Teatret

Teatertur: Mor Courage og barna hennar

Oslo Mållag inviterer til teatertur på Det Norske Teatret den 26. mars.
Framsyninga tek til 20.00. Billetten kostar berre 100 kroner for medlemer* (originalpris 420 kroner). Meld deg på via e-post: heleneukarlsen@gmail.com – eller ring 97512176.

Påmeldingsfrist 6. mars

* Er du ikkje medlem, men vil bli det? Informasjon om innmelding finn du på www.nm.no

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Teatertur: Mor Courage og barna hennar

26. februar: Årsmøte

Årsmøte i Oslo mållag blir halde torsdag 26. februar 2015 kl 17.00 i lokala til Noregs Mållag, inngang Lilletorget 1.

Sakliste:
 
1. Opning
2. Årsmelding 2014-2015
3. Rekneskap
4. Fastsetjing av årspengane for året etter årsmøtet
5. Arbeidsprogram og budsjett
6. Val av styre og andre ombod
7. Ymse

***
Underhaldning:
Ferda-VINJE, 10 songar/dikt frå Ferdaminne frå sumaren 1860, tonesett og framført av Magne Skjævesland på gitar/song. Med kåsering og forklaringar til songane.

***
Servering av snittar og mineralvatn/brus.

Medlemer og andre inviterte er hjarteleg velkomne til møtet. Dei som ynskjer kan òg ta del i årsmøtet til fylkesmållaget Vikværingen, som finn stad i same lokalet etter matserveringa.
 

Årsmeldinga vil om kort tid bli lagt ut på nettsida vår.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på 26. februar: Årsmøte