Studiering om den nye kommunereforma

Oslo mållag inviterer til studiering den 29. januar, klokka 18.00 på Skrivarstova (Lilletorget 1).

Ei ny kommunesamanslåing vil nok ein gong svekkja nynorsken si stilling i Kommune-Noreg. Dette syner ein rapport som Jens Kihl (Klassekampen) og Kåre Lilleholt (UiO) har skrive.

Høyr Jens Kihl fortelja om funna i rapporten og om kva me som lokkallag kan gjera for å forhindra at den nye reforma blir ei bokmålsreform.

Hendinga er gratis og open for alle medlemer.

Vel møtt!

(Viss du har spørsmål til hendinga, kan du retta desse til heleneukarlsen@gmail.com. Frå og med 26. januar er det også mogeleg å ringja 97512176.)

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Studiering om den nye kommunereforma

MålBar 27. november: Aasen og Prøysen – åndsfrendar?

Kristin Fridtun fortel om to av sine største heltar, fjorårsjubilanten Ivar Aasen og årets jubilant Alf Prøysen. Er det fleire koplingar mellom dei enn me får inntrykk av ved fyrste augnekast, jamvel om det opplagt er store skilnader mellom dei òg? Fridtun vil mellom anna ta føre seg klassetilhøva, språkprosjektet, samfunnskritikken og poetikken deira.

Møt opp 18.30 på Litteraturhuset (Kverneland)!

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar 27. november: Aasen og Prøysen – åndsfrendar?

MålBar: Brørne Løvehjarte

Oslo mållag inviterer til teatertur på Det Norske Teatret.

Vil du vera med på teater den 30. oktober? Framsyninga tek til 17.30. Billetten kostar berre 60 kroner for medlemer (originalpris: 280 kroner). Meld deg på via e-post: heleneukarlsen@gmail.com – eller ring 97512176.

Påmeldingsfrist er 25. september!

Det blir høve til å reisa ut for mat og drikke etter framsyninga.

Vel møtt!
—————————–
BRØRNE LØVEHJARTE
Spektakulært og eventyrleg om draum og livets mørkare sider for barn.
Astrid Lindgrens Brørne Løvehjarte er ei av dei vakraste historiene vi har i skandinavisk barnelitteratur. Regissør Svein Sturla Hungnes har laga ei nydramatisering av forteljinga om Kavring (Emil Johnsen) og Jonatan Løvehjarte (Oddgeir Thune) – brørne som ikkje ein gong døden kan skilje. Draum og verkelegheit flyt saman i Even Børsums fantasieggande scenerom, som saman med ei utsøkt lyssetjing opnar for meddikting.

Draum og fantasi
Kavring og Jonathan er brør. Kavring er sjuk, og dei veit begge at han kjem til å døy. Om kveldane fortel Jonatan om eventyrlandet Nangijala. Det er dit Kavring skal dra når han døyr, og ein dag skal dei to møtast der. Men så byrjar det å brenne i huset dei bur i, og Jonathan hoppar frå vindauget med Kavring på ryggen. Jonatan døyr i fallet, og på det viset blir det han som først dreg til Nangijala. Med stort mot møter vesle Kavring lagnaden sin og følgjer storebroren til den andre sida. Der blir dei to brørne dregne inn i ei i spennande historie som ikkje berre går føre seg rundt leirbålet om kveldane, men som og utspelar seg i all si gru på dei mørkaste og skumlaste stadene ein kan tenke seg.

Passar for vaksne og barn frå 7 år.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar: Brørne Løvehjarte

MålBar 12. september: Kva er det eigentleg med nynorsken?

Systrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim er forfattarar. Humor er eit gjennomgåande element i skrivinga deira, og nynorsk er eit uunngåeleg tema.

Kva er det eigentleg med nynorsken? spør Guri og Sigrid. Kvifor gidd vi dette? Av og til må vi minne oss sjølve på kvifor vi skriv nynorsk, akkurat som vi må minne oss på kvifor vi har vald å vera kvinner. På same måte som alle kvinner er feministar, er alle nynorskbrukarar idealistar. Vi elskar å bli spurt om kvifor vi skriv nynorsk (ein av grunnane til å skrive nynorsk er jo å få spørsmål om kvifor ein skriv nynorsk). Den viktigaste grunnen er at det er for å vera vanskeleg og for å leva i randsona av det som er akseptabelt.

Fredag 12. september, klokka 18.30 på Fuglen tek dei opp debatten om at nynorsk fører til kriminalitet. Vi møter blant anna fire nynorskkriminelle. Vi får òg nokre innlegg frå nynorskelevar som slit med sidemål.

Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim

Sigrid (f. 1985) og Guri (f. 1978) er søsken og kjem frå Lesja. Sigrid er utdanna pianist frå NTNU i Trondheim. Nå tek ho ein mastergrad i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og bur i Berlin. Guri bur i Trondheim og arbeider i Norsk Forfattersentrum. I 2009 debuterte Sigrid og Guri med romanen Ramstein pensionat. Boka handlar om einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg. I 2011 var systrene redaktørar for antologien Søsken saman med systrene Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. I juni 2013 var Guri og Sigrid festspeldiktarar under Dei nynorske festspela i Ørsta saman med Lars Petter Sveen. Sigrid og Guri skriv fast humorside i vekeavisa Dag og Tid. Dei er kjent for særeigne framføringar.

Foto: Sigurd Brørs

Foto: Sigurd Brørs

Arrangementet er gratis!

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar 12. september: Kva er det eigentleg med nynorsken?

MålBar: Paneldebatt om framtida til språksamlingane ved UiO

Den 11. juni i år avgjorde Universitetet i Oslo at dei ikkje lenger vil ta ansvaret for dei store ord- og namnesamlingane som har vore knytte til institusjonen sidan 1970-talet. Dette har skapt sterke reaksjonar og mykje diskusjon.

Språksamlingane er sette saman av ordboksverka for gamalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Kva må til for å sikra framtida til desse samlingane? Og kva blir konsekvensane dersom dei ikkje blir drifta vidare?

Oslo mållag og fylkesmållaget Vikværingen inviterer til paneldebatt på Litteraturhuset (Nedjma i 3. høgda) den 28. august!

Debatten byrjar 1900.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Møt opp litt før for god plass.

I panelet sit:

– Åse Wetås (Norsk Ordbok 2014)
– Daniel Ims (Språkrådet)
– Trine Skei Grande (V)
– Kristian-Emil Kristoffersen (UiO)

Ordstyrar for kvelden er Jens Kihl.

Vel møtt!

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar: Paneldebatt om framtida til språksamlingane ved UiO

Ny leiar i Oslo mållag

53. Helene Urdland Karlsen_liten

Helene Urdland Karlsen (27) tek over som ny leiar i Oslo mållag etter Birgitta Lim Ersland, som har vore leiar sidan 2011. Urdland Karlsen har til no sete som nestleiar og før det har ho vore skrivar i lokallaget.

– Eg tykkjer det er svært gildt å bli spurd om å ta over som leiar i Oslo mållag, seier Helene Urdland Karlsen. Det er store sko å fylla, legg ho til. Tidlegare leiar Birgitta Lim Ersland har gjort utruleg mykje for Oslo mållag dei tre siste åra.
Føremålet med mållaget i Oslo er å styrkja målreisinga i hovudstaden, fortel Helene Urdland Karlsen. Gjennom mållaget i Oslo kan målfolk i byen stå saman og få sterkare gjennomslag for synspunkta sine andsynes styresmaktene og ålmenta elles.
Oslo mållag har dei siste åra jobba mykje for vera synlege, ikkje minst for medlemsmassen. – Hovudstaden har eit av dei største lokallaga i landet, og hyser eit stort tal nynorskskrivande, fortel Helene Urdland Karlsen. Eit tiltak som har vore svært vellukka, er den månadlege tilskipinga MålBar. MålBar er ein uformell møtestad for målfolk i Oslo, forklarar ho.

Så langt har det vore eit godt år for nynorsken, seier Helene Urdland Karlsen. – At vi no har fått Grunnlova på nynorsk er ein stor siger for målfolk over heile landet og ei symboltung markering av at vi har to jamstilte målformer i Noreg.
Nynorsken har likevel mange utfordringar framom seg. Særleg skeptisk er den nye leiaren til handsaminga av språksamlingane ved Universitetet i Oslo. Saman med Studentmållaget i Oslo er det Oslo mållag si oppgåve å vera vaktbikkje andsynes språkpolitikken til universitetet. Desse samlingane, som mellom anna omfattar ordboksverka for gamalnorsk, bokmål og nynorsk, nynorskkorpuset, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet, står i fare for å bli deponerte etter 2014 og ferdigstillinga av Norsk Ordbok. – Desse samlingane er av uvurderleg verdi for forsking og undervising, presiserer Helene Urdland Karlsen. At universitetet ikkje vil drifta desse vidare tykkjer ho er alarmerande. Ho vonar universitetsleiinga skiftar meining om denne saka.
I styret sit Liv Eldegard Talle, Dag Hagen Berg og Sigrid Sørumgård Botheim. Varamedlemer er Ole Jan Borgund, Torstein Vik Århus og Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad.

Helene Urdland Karlsen kjem frå Urdland på Voss, men er busett i Oslo. Ho har vore aktiv i målrørsla i ei lang årrekkje. Ho arbeider som redaktør i prosjektet Norsk Ordbok 2014.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Ny leiar i Oslo mållag

MålBar 29. mai: Are Kalvø om «Grunnlova»

bruk_målbar_kalvø

På torsdag inviterte Oslo mållag til MålBar på St. Hanshaugen. Nærare 30 interesserte møtte opp for å høyra Are Kalvø fortelja om «den nye Grunnlova». Framlegget er eit han har jobba med i over to år, fortel han. Det skulle berre mangla at det vart bok og TV-serie ut av det heile.

Etter å ha sett seg nøye rundt i salen, for liksom å forsikra seg om at det er ein grei gjeng til stades, fortel Kalvø entusiastisk om prosjektet sitt. For det er han – «ikkje for å skryta» – som er mannen bak den nye Grunnlova.

Kalvø starta prosjektet mest for å gjera noko anna enn det å grilla, som jo er det ein gjer når ein bikkar 40 år. Når eg ikkje grillar så pussar eg opp i heimen, fortel han. Så går eg ut og grillar att. Kalvø ville heller gjera noko han kunne sjå attende på seinare og vera stolt over. Så kvifor ikkje laga ei ny Grunnlov? Det er jo heilt absurd at me rettar oss etter ei lov laga av eit utval menn for 200 år sidan, seier han. Dei var ikkje serleg smarte heller, desse eidsvollmenna. Som prov på dette dreg Kalvø fram jødeparagrafen og særleg praragrafen som seier at Kongen i Noreg er heilag. Det siste stemmer ikkje, fortel Kalvø som ein dag frekalvø_2ista å kjøpa øl etter stengetid på vegner av Kongen. Det gjekk ikkje. Kongen i Noreg får ikkje noko serskild behandling i 2014.

Den nye Grunnlova er ei lov som gagnar folket, ikkje nokon få utvalde. Difor inneheld ho òg mykje humoristisk sans, så vel som ein avsluttande paragraf om at folk flest bør ha humoristisk sans.

Innlegget til Kalvø vart møtt med stor applaus frå salen.

Dei to fyrste paragrafane i den nye Grunnlova lyder slik:

1. Norge er eit demokratisk, fredelig og passelig kjendisfiksert rike der alle kan trenge ein klem.
2. Alle må få tru på det dei vil, og la vere å tru på det dei vil, og få oppføre seg så rart dei vil, men det er ikkje nødvendig å ta heilt av heller.

… resten må de lese dykk til sjølve.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar 29. mai: Are Kalvø om «Grunnlova»

Prøysen-kveld i Maridalen kyrkje

Alf_PrøysenOslo mållag og soknerådet i Maridalen skipar til Prøysen-kveld!

Kom og høyr Ove Røsbak, sundag 1. juni kl. 19.00 i Maridalen kyrkje.

Program:
– Alf Prøysen – liv og dikting
– Skodespelar Tone Ringen syng og les
– Musikk ved pianist Torhild Fimreite.

Servering på kyrkjebakken etterpå.

Alle er velkomne. Ver tidleg ute for å få sitjeplass i kyrkja.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på Prøysen-kveld i Maridalen kyrkje

MålBar: Are Kalvø om «Grunnlova»

sz1bdf1dSjølv om vi no kan feira at den offisielle grunnlovsteksten endeleg kjem på norsk, har Are Kalvø framleis sine eigne tankar om korleis Grunnlova eigentleg burde sjå ut. Møt han til føredrag og diskusjon på Enoteca St. Hanshaugen, torsdag 29. mai!

Det blir høve til å kjøpa seg både mat og drikke før Are tar ordet klokka 19.30.

Tilskipinga er gratis. Dørene opnar klokka 19.00.

I regi av Oslo mållag.

Lagt inn i Uncategorized | Innspel avslått på MålBar: Are Kalvø om «Grunnlova»